Ølen IL 
Ungdomssatsinga: Flest mogleg - lengst mogleg



Målsetningar

Ølen Idrettslag jobbar målbevisst med å få ungdom til å drive med organisert idrett lengst mogleg.

  • - Flest mogleg skal få gode opplevingar i forbindelse med idretten
  • - Eit godt tilbod uavhengig av ambisjonar og ferdigheter
  • - Bidra til god integrering

Mange idrettslag opplever stort fråfall i ungdomsstida -  denne utviklinga vil me snu!

Sportsleg


Det er krevande å lykkas med å tilrettelegge for alle med mykje og god aktivitet. Ein rekrutteringsplan med ein ansvarlig bidrar til ein stabil og forutsigbar klubbdrift. Dommarane har ein naturlig plass og rekrutteres tidleg og breidt. Sportsplanen sikrer kvalitet på treningsfeltet og kamparenaen, og krever solid implementering og oppfølging av klubbens trenarar med god hjelp av trenarveiledar.

Trenarane tar jevnleg trenarkurs og får inspirasjon av kvarandre.

Spelarar som treng ekstra utfordringar hospiterer til andre lag, eller blir oppmoda om gå prøve seg på utviklingstilbud / akademi hos FK Haugesund og Avaldsnes.

Idrettslaget tilbyr alle som er interessert i utvikle seg som utøvarar være med på fotball- og håndballakademi ("SR-Bank Akademiet") i regi av Ølen IL. Tilbudet er gratis, og åpent for alle over 12 år, inkludert naboklubbar som Etne IL, Vindafjord IL, Vats 94, Skjoldar og Vikebygd. 


Sosialt


Mange er først og fremst med på idretten fordi det er sosialt og kjekt - her er det eit godt miljø.

Ungdomslaga i Ølen IL har moglegheiten til å vera med på cupar, der det skal vera rimeleg å vera med. Og ingen skal måtte la vera  på grunn økonomiske begrensingar - idrettslaget har ordningar som gjer at alle kan vera med om dei ønsker.

Det skal væra ein progresjon i tilbodet - slik at ved neste korsveg ventar ein ny enda meir spenande oppleving. Alle som er med fram til og med junior-nivå skal få oppleve ein ekstraordinær treningsleir, gjerne i utlandet. Eigenandelen skal vera låg, slik at det mogleg for alle. Til gjengeld bidrar spelarane med dugnad i idrettslaget som instruktørar på fotballskule, akademi og som dommarar.

Laga skal få oppleve gode sosiale settingar på trening og kamp, men også gjennom treningsleir og cupar. 

Få ungdomslag i landet opplever dei samme rammene som ein ofte har på kamp i Ølen. Her er det fleire anledningar rundt 200 tilskodarar og topp stemning.  


Treningsleir

Ølen IL skal tilby treningsleir til fotball- og håndballlaga. Ein stor del av kostnadane tar idrettslaget.
Plan:
13 år: Ølen, med overnatting på Klubbhuset (årleg)
14-16 år: Karmøy eller anna forholdsvis lokalt
17-19 år: Malaga  (sjå "Vanlege spørsmål" nedanfor for meir informasjon)

Cupar 
Ungdomsslaga reiser på spanande cupar. Laga velger kva cup ein skal reise på, men me har gode erfaringar med Norway Cup, og de fleste laga reiser på denne. Dei eldste ungdommane drar gjerne til Dana Cup.

 

Organisasjon og økonomi

«Klubben som sjef» er eit omgrep som beskriv ein godt organisert klubb med ein struktur som ikkje er personavhengig. Ein godt strukturert klubb som vil behalda og rekruttera frivillige er avhengig av formålstenlege ansvarsfordelingar, klara rolleskildringar og god økonomistyring . Ei klubbhandbok gir ei heilskapleg oversikt over strukturen og rolla til klubben

Klubben har sportsleg leiar som er overordna ansvarleg for det sportslege tilbodet, trenarveiladar som bistår trenarane med praktiske råd og kurs, samt akademiansvarlige som er fagleg ansvarleg for ekstra tilbud for alle interesserte over 12 år.

Idrettslaget øremerkar eit større beløp i budsjettet til satsinga: "Ungdom - flest mogleg - lengst mogleg"

    Vanlege spørsmål om treningsleiren

    Kvifor reiser Ølen IL på treningsleir i det heile?
    Målet vårt er «flest mogleg, lengst mogleg». Mange klubbar mistar mange spelarar i ungdomstida, og det vil me snu. Ein av måtane me gjer det på, er å ha noko å sjå fram til. Tilbodet skal ha ein progresjon, slik at det alltid ventar ei ny og endå meir spennande oppleving ved neste korsveg. Treningsleiren i Malaga er toppen av den progresjonen, ei gulrot som gjer det lettare å velje å halde fram eitt år til, og eitt år til etter det.

    Kvifor er det berre dei eldste som reiser til Malaga?
    Det handlar om to ting. Kostnad: idrettslaget dekkjer ein stor del av turen, og det har me berre råd til for eit avgrensa tal spelarar kvart år. For det andre er det nettopp i dei eldste årgangane fråfallet er størst. Då gjer gulrota mest nytte der, og ho verkar best om ho ligg eit stykke fram i tid.

    Korleis blir det bestemt kven som reiser når?
    Me køyrer ein fast syklus: gutar, jenter, ingen tur, gutar, jenter, ingen tur. Det sikrar at alle som speler i klubben fram til junioralder, får éin tur, og at klubben har økonomi til å gjennomføre. Året utan tur gjev oss pusterom og tid til å planleggje neste tur godt.

    Kvifor passar ikkje syklusen like godt for jentene som for gutane?
    Syklusen går over tre år. På gutesida går det fint opp, fordi G19 omfattar tre årgangar, og heile laget kan reise saman.

    På jentesida er klasseinndelinga annleis. Klassane omfattar to årgangar, mange går rett frå J17 til senior, og kor mange som speler i kvar årgang, varierer. Ein syklus på tre år går derfor ikkje opp med klassane, og dei som reiser saman, er ikkje alltid dei same som speler på same lag det året.

    Det finst ingen enkel måte å løyse dette på. Tek ein med yngre årgangar, reiser nokre før dei er i alderen turen er meint for. Utset ein turen, blir dei som har gleda seg, skuffa, og klassane har då forskyvd seg slik at problemet dukkar opp att med andre årgangar.

    Me har derfor landa på at det viktigaste er at ordninga er føreseieleg. Alle skal vite i god tid når det er deira tur, og kunne glede seg til det. Det blir ikkje heilt perfekt for alle, men me meiner det er den mest rettferdige løysinga.

    Er det eit problem at dei som reiser, ikkje speler i same klasse til dagleg?
    Det hadde vore veldig fint om alle som skulle spele på samme laget reiste lag. Men i ein breddeklubb som vår er me heilt avhengige av at laga samarbeider, og det gjer me allereie heile tida: spelarar hospiterer og lånes oppover, trenarar hjelper kvarandre, og årgangar blir slått saman når det trengst. Ein tur på tvers av lag er berre ein naturleg del av det. Mange vil nok oppleve at det styrkjer samhaldet på tvers av årgangane.

    Kan de ikkje berre justere syklusen etter korleis laga ser ut kvart år?
    Syklusen fungerer fordi han er føreseieleg. Skulle me justert han etter korleis laga ser ut, ville ingen visst sikkert når det var deira tur før laga for det året var sette saman. Det ville også opna for nye ønske om justeringar kvart år.

    Kven skal reise dei neste åra er planen?
    Vinteren 2026: Gutar 17-19 år
    Vinteren 2027: Jenter 17-19 år
    Vinteren 2028: Ingen
    Vinteren 2029: Gutar 17-19 år
    Vintern 2030: Jenter 17-19 år
    (det er det året ein fyller 17 år).

    Kva gjer ein om det er veldig få som kan reise?
    For at ein skal ha eit godt utbytte av treningsleiren, både sportsleg og sosialt, har ein satt ei grense på minst 12-15 spelarar for at treningsleiren gjennomføres. Blir det færre enn dette vil ein prøve å finne ei ordning slik at ein kan reise med andre kull seinare.

    Kor mange voksne er med på treningsleiren?
    Det er minst to vaksne leiarar/trenarar med. Dersom det er meir enn 20 spelarar: minst tre vaksne. Meir enn 30: minst fire vaksne.








    Empty
    Click + to add content