Ølen IL 
Ungdomssatsinga: Flest mogleg - lengst mogleg



Målsetningar

Ølen Idrettslag jobbar målbevisst med å få ungdom til å drive med organisert idrett lengst mogleg.

  • - Flest mogleg skal få gode opplevingar i forbindelse med idretten
  • - Eit godt tilbod uavhengig av ambisjonar og ferdigheter
  • - Bidra til god integrering

Mange idrettslag opplever stort fråfall i ungdomsstida -  denne utviklinga vil me snu!

Sportsleg


Det er krevande å lykkas med å tilrettelegge for alle med mykje og god aktivitet. Ein rekrutteringsplan med ein ansvarlig bidrar til ein stabil og forutsigbar klubbdrift. Dommarane har ein naturlig plass og rekrutteres tidleg og breidt. Sportsplanen sikrer kvalitet på treningsfeltet og kamparenaen, og krever solid implementering og oppfølging av klubbens trenarar med god hjelp av trenarveiledar.

Trenarane tar jevnleg trenarkurs og får inspirasjon av kvarandre.

Spelarar som treng ekstra utfordringar hospiterer til andre lag, eller blir oppmoda om gå prøve seg på utviklingstilbud / akademi hos FK Haugesund og Avaldsnes.

Idrettslaget tilbyr alle som er interessert i utvikle seg som utøvarar være med på fotball- og håndballakademi ("SR-Bank Akademiet") i regi av Ølen IL. Tilbudet er gratis, og åpent for alle over 12 år, inkludert naboklubbar som Etne IL, Vindafjord IL, Vats 94, Skjoldar og Vikebygd. 


Sosialt


Mange er først og fremst med på idretten fordi det er sosialt og kjekt - her er det eit godt miljø.

Ungdomslaga i Ølen IL har moglegheiten til å vera med på cupar, der det skal vera rimeleg å vera med. Og ingen skal måtte la vera  på grunn økonomiske begrensingar - idrettslaget har ordningar som gjer at alle kan vera med om dei ønsker.

Det skal væra ein progresjon i tilbodet - slik at ved neste korsveg ventar ein ny enda meir spenande oppleving. Alle som er med fram til og med junior-nivå skal få oppleve ein ekstraordinær treningsleir, gjerne i utlandet. Eigenandelen skal vera låg, slik at det mogleg for alle. Til gjengeld bidrar spelarane med dugnad i idrettslaget som instruktørar på fotballskule, akademi og som dommarar.

Laga skal få oppleve gode sosiale settingar på trening og kamp, men også gjennom treningsleir og cupar. 

Få ungdomslag i landet opplever dei samme rammene som ein ofte har på kamp i Ølen. Her er det fleire anledningar rundt 200 tilskodarar og topp stemning.  


Treningsleir

Ølen IL skal tilby treningsleir til fotball- og håndballlaga. Ein stor del av kostnadane tar idrettslaget.
Plan:
13 år: Ølen, med overnatting på Klubbhuset (årleg)
14-15 (17?) år: Karmøy eller anna forholdsvis lokalt
18-19 år: Malaga  (her reiser gutelag og jentelag annakvart år, slik at kvar spelar får muligheten til å vera med ein gong)

Cupar 
Ungdomsslaga reiser på spanande cupar, i utgangspunktet etter følgande plan. 

13-15 år: Norway Cup 
16-17 år: Norway Cup / evt Dana Cup 
18-19 år: Dana Cup 

 

Organisasjon og økonomi

«Klubben som sjef» er eit omgrep som beskriv ein godt organisert klubb med ein struktur som ikkje er personavhengig. Ein godt strukturert klubb som vil behalda og rekruttera frivillige er avhengig av formålstenlege ansvarsfordelingar, klara rolleskildringar og god økonomistyring . Ei klubbhandbok gir ei heilskapleg oversikt over strukturen og rolla til klubben

Klubben har sportsleg leiar som er overordna ansvarleg for det sportslege tilbodet, trenarveiladar som bistår trenarane med praktiske råd og kurs, samt akademiansvarlige som er fagleg ansvarleg for ekstra tilbud for alle interesserte over 12 år.

Idrettslaget øremerkar eit større beløp i budsjettet til satsinga: "Ungdom - flest mogleg - lengst mogleg"

    Vil du bidra som samarbeidspartner?

    Ta kontakt med idrettslaget på post@olenil.no eller direkte med partner-ansvarlege, Merethe Vårvik Matre, Turid Berge-Olsen eller Arne Gunnar Habbestad.
    Saman bidrar me til ei aktiv og trygg ungdomstid :-)








    Empty
    Click + to add content