Ølen IL 
Kvalitetsklubb

Ølen IL er i gong med ein prosess for å bli godkjend som Kvalitetsklubb på nivå 1.

Hovudmålet er å utvikle ein formell klubbstruktur som gjer at Ølen IL kan bli sertifisert som Kvalitetsklubb Nivå 1 i løpet av hausten 2020.

Krava er knytta til hovedområda Aktivitet, Organisasjon, Kompetanse og Samfunns- og verdiarbeid.

Meir informasjon frå NFF om Kvalitetsklubb her: https://www.fotball.no/klubb-og-leder/kvalitetsklubb/kvalitetsklubb-niva-1/


Aktivitet

Det er krevende å lykkas med å tilrettelegge for alle med mye og god aktivitet. Ein rekrutteringsplan med ein ansvarlig bidrar til ein stabil og forutsigbar klubbdrift. Dommarane har en naturlig plass og rekrutteres tidlig og bredt. Sportsplanen sikrer kvalitet på treningsfeltet og kamparenaen, og krever solid implementering og oppfølging av klubbens trenere gjennom treneransvarlig.

Organisasjon

«Klubben som sjef» er eit omgrep som beskriv ein godt organisert klubb med ein struktur som ikkje er personavhengig. Ein godt strukturert klubb som vil behalda og rekruttera frivillige er avhengig av formålstenlege ansvarsfordelingar, klara rolleskildringar og god økonomistyring . Ei klubbhandbok gir ei heilskapleg oversikt over strukturen og rolla til klubben

Kompetanse

NFF har ei rekke utdanningstilbod. Det er avgjerande for dei tillitsvalte får tilgang til den kompetansen vervet krev. Betre kvalifiserte tillitsvalte gir betre fotballaktivitet for barn og ungdom. Det er eit mål for oss at utdanninga så langt det er mogleg blir tilbode i nærmiljøet til klubben. Ein kvalitetsklubb har god kompetanse i nøkkelrollene.
Ølen IL satsar på trenarkompetanse, og i lag med Team Vindafjord/Etne tilbyr ein jamnleg NFF sitt grasrottrenarkurs.

Leiarkompetanse:

Flertallet i klubbens styre skal ha NFFs leder 1-kurs

Trenarkompetanse

– BARNEFOTBALL (6-12):

  • Ein trenar pr. lag med minimum barnefotballkvelden
  • Ein trenar pr. årskull med minst ett delkurs fra NFF Grasrottreneren


– UNGDOMSFOTBALL (13-19):

  • Ein trener pr. lag med ungdomsfotballkvelden
  • Ein trener pr. årskull med NFF Grasrottreneren

Samfunns- og verdiarbeid

Verdiarbeidet er sentralt i NFF Kvalitetsklubb. Verdisett og Fair play skal prega all aktivitet i klubben. Trygge rammer for våre aktive er eit felles ansvar. Klubben må sørga for at viktige rutinar som politiattestar er tatt vare på. Gjennom aktiviteten til klubben er det gode moglegheiter til å setja samfunnsutfordringar på agendaen som t.d. rusførebygging, trafikktryggleik og doping.