Idrett for alle


Ølen IL er ein politisk og religiøst uavhengig organisasjon.

Alle skal kunne føle seg heime hos oss. Dessverre viser all historie og statistikk at fotball er ein av dei siste arenaene der homofile, og da især homofile gutar og menn, ikkje føler seg heime.

Ølen IL innfører i 2023 nye kapteinsbind - desse vil ha regnbuefargane. Alle håndball- og fotballag, kor ein har ein kaptein (altså ungdom og senior), skal nytte Ølen IL sitt offisielle kapteinsbind.

Kvifor regnbuesymbolet?
Regnbuefargene har lange tradisjonar for å være eit symbol for mangfald og fellesskap, og dei siste 40 årene eit symbol på aksept og respekt for likekjønna kjærleik.

Ølen IL er veldig opptatt av at alle skal føle seg velkomne hos oss uansett legning, og me bruker flagget som eit symbol på dette. At enkelte organisasjonar eller enkeltpersonar tillegger fargane annan betydning, eller bruker flagget som symbol for saker av politisk eller religiøs karakter i den eine eller andre retninga, må stå for deira rekning.

Empty
Click + to add content