Dugnad - Ølen Kiwi Bama Cup


Trykk her for oversikt over kva oppgaver ein har

Oppmøte

Alle møter seinast til oppsatt tid - Økt 1: Kl 9:30. Økt 2: 13:15. Det gjeld også dommarar, sjølv om første kamp ein er satt opp på er litt seinare.

Ein melder frå i Sekretariatet at ein komt, slik at me har oversikten.

NB! Er ein sjuk eller forhindra frå å møte til oppsatt tid, ta kontakt med Johnny Vik tlf 98 28 68 02, så snart ein kan.

Kiosk

På cupen er det fokus på sunn mat. 

Me selger følgande:

  1. Smoothie, Eplejuice, Blåbær shaker
  2. Frukt (opphakka)
  3. Lapskaus, Street wrap chicken (thai), Salat
  4. Grillmat
  5. Vafler 
  6. Sukkerfrie kaker
  7. Brus

Me har tre kioskar:

  1.  Inne på klubbhuset - her vil ein også stå for kutting av frukt. Er ein tom for frukt på dei andre kioskane, henter ein påfyll her
  2. Den vanlige kiosken på Klubbhuset 
  3. Ved teltet

Koordinator for kioskane er Ann Kristin Tangjerd

Dommarar

  1. Møt opp til oppsatt tid (Økt 1: 9:30, Økt 2: 13:15) ved Sekreteriatet.
  2. Veldig viktig at kampane starter til oppsatt tid, og sluttar til oppsatt tid
  3. Det kjem ein lyd på høgtalar-anlegget når kampane skal blåsast av. Men pass i tillegg på klokka :-)
  4. Lørdag:
    2x18 minutt, med 4 minutt pause. 
    Søndag:
    3-er fotball: 2x10 min, med 2 minutt pause.
    5-er og 7-er fotball: 2x13 min med 3 minutt pause
  5. Pass på at pausen ikkje er lenger enn det den skal vera - om nødvendig blås i fløyta for å få laga på banen.
  6. To minutt før kampstart blås i fløyta slik at spelarane kjem, og ønsker kvarandre lykke til
  7. Laga takker kvarandre for kampen
  8. Ein har pressfri sone i 5-er og 7-er fotball. 
  9. Ligg det eine laget under med fire mål eller mål, kan dei ha innpå ein ekstra spelar. Denne skal tas ut igjen dersom ein ikkje ligg under med minst fire mål

For spørsmål eller hjelp, ta kontakt med Sekreteriatet.

Spesielt for 3-er fotball:

  1. Når ballen går utforbi vantet - så starter det andre laget med ballen (men tar ikkje kast). Motstandarane skal være minst tre meter frå ballen
  2. Det er ikkje corner i 3-er fotball - uansett kven som skyt ballen over mållinja - er det målspark
  3. Målspark: Ballen legges i ro på bakken, ca 1 meter frå målet / vantet. Motstandarane skal vera minst tre meter frå ballen.
  4. Dersom ballen låses ved vantet - blås i fløyta og tar ein dropp
  5. Ein har ikkje pressfri sone i 3-er fotball

Lurer de på noko, ta kontakt med Sekreteriatet.


Banecrew

Banecrewet er ansvarlig for at å passe på at det er ryddig og fint rundt banane, og at måla og banemerkinga er på plass til kamp.

NB! Ein må fleire gongen i løpet av cupen, skifte frå 5-er til 7-er banar, og omvendt. Då har ein 5 minuttar på seg, til kjapt å bytte om - her må ein stå klar med ein gong kampane er over - og full fart bytte om banane :-)

Oversikt over dette får de av sekretariatet.

Aktiviteter

Kiwi Bama kjem med fleire aktivitetsstasjonar, i tilegg har me hoppeslott, og ein radar for å måle kor hardt ein skyter.

Her passer ein på at alle får prøve seg, at de står fint i kø, og hjelper til.

Ta kontakt med Sekreteriatet v/aktivitetsansvarlig for spørsmål

Parkering og tilkomst

Det blir ikkje mogleg å kjøre inn på området ved SR-Bank Stadion. Me har avtalt parkering slik:
- Lørdag: Ved idrettshallen,  Revehallen og Ølen Vidaregåande skule
- Søndag: Ved idrettshallen, Revehallen, Senteret og Ølen Vidaregåande skule

Lørdag: Her blir det ikkje så mykje trafikk. Laga er informert om kor dei skal parkere. 
Søndag: Ein person står ved krysset borte med Senteret, og ein står ved aktuell parkeringsplass. Når denne er full informeres den som dirigerer trafikken, om at neste p-plass skal brukes. 

Oversikt over parkeingsplassane finn ein her: https://www.olenil.no/kiwi-bama-cup

Skader og uhell

Laga på cupen håndterer mindre uhell og skader sjølve, og kan få bistand ved behov av Sekreteriatet. Ved alvorlige uhell tar ein sjølv kontakt med Legevakt eller Akutt hjelp (113)

Ved skader ved aktivetane eller anna - ta kontakt med Sekreteriatet, eller direkte med Legevakt eller Akutt hjelp (113)

På Klubbhuset (i tunnellen) er det hjertestartar. Sekreteriatet har i tillegg standard førstehjelpsutstyr.


Empty
Click + to add content