Retningslinjer – bruk av VEO/ videoanalyse-verktøy

Innleiing

Veo er et kamera og teknologisystem designet for å automatisk opptak og analysere sportskamper og treningsøkter. Det brukes kunstig intelligens for automatisk å følgje ballen i kamp, samt generere høgdepunkt, som mål, cornere, avspark.

Videoopptak og analyse med bruk av VEO kan vera eit nyttig og lærerikt verktøy til bruk for lagidrettar. Men ein skal også vera oppmerksam på utilsikta og negative effektar. Spelarar kan føle press eller stress når kampane blir filma.

Filmane på ungdomssnivå skal ikkje delast på offentlege kanalar, utan nødvendige samtykker frå utøvarar og foresatte (til spelarar under 15 år)

VEO skal brukeas med fokus på å bidra til god spelarutvikling og læring.

Alle som bruker VEO skal vera kjent med desse retningslinjene. Er ein i tvil tar ein kontakt med styret for aktuell idrett.

Aldersgrupper VEO er aktuelt for

Ein kan bruke VEO for ungdomslag og eldre filming av trening og/eller kamp. Live streaming er kun aktuelt for kampar i senior-klasse (18 og over)

Samtykke og personvern

For aldersgruppa 13-17 skal ikkje filmane eller deler av filmane ikkje publiserast på sosiale medier eller liknande, utan samtykke frå utøverer, i tillegg til frå foresatt dersom utøvar er under 15 år.

Informer spelarar og foreldre om at ein nyttar VEO til læring og utvikling. Og vis dei til desse retningslinjene som ein finn på Ølen IL sine websider (olenil.no). Om ein har spørsmål kan dei rettast til leiar for aktuell gruppe / idrett.

Streaming nyttar ein kun på lag over 18 år (for eksempel G19, senior dame / herrelag). Er det spelarar som er yngre enn 18 med på laga, treng ein ha samtykke frå desse.

Bruk av VEO

VEO tilbyr gratis opplæring på academy.veo.co

Her er forslag til korleis VEO kan nyttast:

- Som trenar – sjå gjennom video og finn fram aktuelle situasjonar som er interessant i forhold til læring (både der ein  ikkje optimal løsing, og situasjonar som blei løyst veldig bra).

- I lag med spelarane: Gå gjennom situasjonar som er interessante i forhold til læring. Utfordre spelarane – "Koss vil du best løyse denne situasjonen?"
Dra ofte fram situasjonar der laget løyste ein situasjon på ein god måte – «Her er eit god eksempel på at situasjonen blei løyst bra»

- Finn gode læringar som ein tar tak i på treningsfeltet– korleis kan me trene for å bli enda betre til (....) - involver spelarane

- Spelarane ser sjølve på deler eller heile kampen og gjer sine eigne vurderingar

Tilgang til VEO

Tilgang til filmane tildeles pr team (for eksempel «G15», «J15»). Følgande kan få tilgang:

  • - Trenarar/lagleiar: Team Admin (kan legge til nye brukarar)
  • - Spelarar: Team Contributer (med «Player profile»)
  • - Styremedlemmer: Team Admin

Trenarar / lalgleiarar  kan fjerne og gi tilgang til spelarar og andre trenarar/lagleiarar.

Fotballstyret kan fjerne og gi tilgangar til spelarar, trenarar og lagleiarar

Bruk av VEO ikkje er i henhold til retningslinjene, kan føre til at tilgang blir fjerna.

Referanser

Retningslinjer for strømming i norsk idrett: https://www.idrettsforbundet.no/om-nif/personvern-i-idretten/artikler/nye-retningslinjer-for-stromming-i-norsk-idrett/






Empty
Click + to add content