Fotballtrening - litt ekstra utfordrande


16. mars gjekk Vindafjord Kommune over til «Tiltaksnivå A». Reglane og anbefalingane gjer det meir utfordrande å tilby trening til barn og unge.
Men fleire av laga i Ølen IL har klart å tilby gode treningar allikevel. I tillegg har mange trenarar laga til eigentreningsopplegg for laga sine.

"Det blir tillatt med utendørs organisert idretts- og fritidsaktiviteter for barn og unge under 20 år, så lenge dette skjer i grupper på inntil 10 personer og alle deltakerne kommer fra samme kommune. Det anbefales at aktivitetene foregår på en slik måte at man kan holde minst to meters avstand mellom deltakerne." -  Tiltaksnivå A (Særlig høyt tiltaksnivå, regulert i covid-19-forskriftens kap. 5A)

Treningar for G9 og G11

Magne Christiansen, er med i trenar-teamet til G9 og G11 som nett har hatt sine første treningar  etter at Vindafjord kommune gjekk over på tiltaksnivå A. 
-  Når det stoppa opp igjen på grunn av korona, var det bare å hive seg rundt og tenke, korleis skal me få gitt et tilbod til guttane, seier Magne, og legg til: 

- Me ser kor viktig det er at de har noko å gå til, når ting stopper opp. Eg har sjølv 3 gutar som er aktive og treng frisk luft og aktivitet.

G9 og G11 er heldige som har henholdsvis tre og fire trenarar, slik at det går greitt å dele opp i mindre grupper, og ein kan følge alle ungane godt opp.

Det å gjennomføra ei god trening krev generelt sett god planlegging. Magne synst det er ei ekstra utfordring med gjeldande smittevernstiltak
- Ein må legge ekstra tid i planlegging av økta, og ein må møte opp litt tidlegare på banen for å klargjere den, men å sette opp øvelsane på førehand gjer jobben lettare, forklarer han.

Frå G9 si trening på SR-Bank Stadion.

Magne fortel også at treningane inneheld mykje av dei same øvingane som vanlege treningar:

- Me må sjølvsagt ha mykje større avtand og ha meir tilrettelegging. Føringar, teknikk, pasningar, medtak, mottak, avslutningar og diverse konkurransar kan ein fint ha. Det einaste ein ikkje i får gjennomført er vanleg spel, ellers så ser eg ingen hindringar, bare moglegheiter.

Og ungane då...koss opplever dei det?
- Tilbakemeldingane frå ungane var positive. Det var stort engasjement og og god stemning som vanlig. Stort sett alle møtte på treninga. Me har vore tydelege på at det er frivillig, fortel Magne.

- Ei utfordring var å forstå kvifor dei måtte holde to meter avstand når dei var i same kohort på skulen. Men etter nokre forklaringar så satt det.

(og når Erna slit med å forstå alle reglane, så er det kanskje ikkje så rart at ein må forklare eit par gonger til 10-11 åringar :-))

Eigentrening

Det å arrangere treningar med strenge smittevernstiltaka kan vera utfordrande. Ølen IL er derfor opptatt av at trenarar og lagleiarar bare tilbyr treningar dersom dei er heilt komfortable med det. Ta gjerne kontakt med Styret og/eller Magne Christiansen for tips og råd for trygge treningar!

Mange av trenarane har lagt til heime treningsoppgaver, og mange, både unge og vaksne ,deltar i «Heile Ølen triksar»-konkurransen. Alt dette er med på å bidra til viktig og god aktivitet!

Me gler oss til kvardagen blir litt meir normal igjen, med kampar og turneringar!

Bilder frå treningar med G9 og G11

Pasningsøvelse med medtak/mottak


Langpasningar


Stafett med skudd på keeper

Keepertrening


---

Artikkelen er skreve av Johnny Vik 

Empty
Click + to add content