Landskamp Norge - Kroatia 

Om kampen

Kampstart er kl 18:00, tirsdag 27. februar. Den blir spelt på SR-Bank Arena / Viking Stadion i Stavanger. Meir info her om Stadion her.  Her er link til reglar for Stadion, og kva de ikkje har lov å ta med inn.

Kampen er ein play off i Nations League, og veldig viktig. Om Norge vinner sammenlagt over to kampar behald dei plassen på øverste nivå.

PS! Kle dykk gjerne i rødt (f.eks. Ølen IL kler), og om de har flagg - supert om de har det med!

Avreise og retur

Avreise er frå Ølen Senter kl 14:00. Me reiser med Knapphus Buss. Det er satt opp to bussar.

Rett etter kampen køyrer ein direkte heim igjen. Forventa ankomst ved Ølen Senter er ca kl 22:00.

Mat

Ein kan kjøpe mat på Viking Stadion i kioskar der. Ta evt med matpakke som ein kan ete f.eks. på ferjeturane. Ta med kort/Vipps å handle for. Viking Stadion er cash-free.

Klede

Det blir fort kaldt når ein sitter og ser på kamp - kle dykk godt :-) Litt avhengig av ver og vindforhold - så kan ein risikere at det drypper litt regn innpå der me skal sitte.

Billettar til kampen

Me sit samla på felt A, og me går i samla tropp inn på Stadion. Om ein ikkje allerede har Vippsa: Vipps 50 kr per pers til Ølen IL. Reiseleiar har billettane.


Kontaktinfo - ansvarleg reiseleiar

Johnny Vik, leiar i Ølen IL, er ansvarleg. Ta kontakt på telefon 98 28 68 02 om de har spørsmål.










Empty
Click + to add content